I Sjodalen kan du også gjere mykje anna enn dei tradisjonelle fjellturane.
Rafting er ein populær aktivitet
som trekkjer til seg mange tusen kvart år. Juvvandring er også
populært, og Sjodalen har mange fine elver som eignar seg for dette.
Kajakk på Sjoa er noko som har kome dei siste åra, og som
alle kan være med på. Eller kanskje padletur på Gjende
i kombinasjon med ein topptur.
Desse aktivitetane kan du lese meir om på Upptur
sin heimeside.
Det finns mange elver i området, og mange finn vegen hit for å
fiske om sommaren. Her får du kun aure på kroken.
I Sjodalen finnst det mange gamle seterveger. Desse er kjempefine for
terrengsykkling. Det er mogleg å leige sykkel. Alternativt kan ein
ta seg fram langs dei same vegane på hest.
Vinterstid er det gode moglegheiter for langrenn, det er mange kilometer
med oppkøyrd løype. Og eit eldorado for toppturar på
ski! Ellers kan ein nevne isjuving, isklatring, trugeturar og isfiske.
På Lemonsjøen er det eit alpinsenter
med barneheis, stor varmestove med kiosk og skiutleige.